NOA23: NOA 2023: Den 10. nasjonale forskingskonferansen om norsk som andrespråk Høgskulen i Volda Volda, Norway, May 25-26, 2023 |
Conference website | https://www.hivolda.no/noa-2023-den-10-nasjonale-forskingskonferansen-om-norsk-som-andresprak |
Submission link | https://easychair.org/conferences/?conf=noa23 |
Abstract registration deadline | November 20, 2022 |
Submission deadline | December 1, 2022 |
Konferansetema: Språkleg og kulturelt mangfald i utdanning.
Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, arrangerer den tiande NOA-konferansen om norsk som andrespråk. Vi er glade for at desse vil halde plenumsførelesingar:
Helle Pia Laursen, DPU – Danmarks institut for Pædagogik og Uddannelse, Aarhus Universitet
Irmelin Kjelaas, Institutt for lærerutdanning, NTNU
Lise Iversen Kulbrandstad, fakultet for lærerutdanning og pedagogikk, Høgskolen i Innlandet
Innsending av samandrag
Bidrag som er basert på forsking på utvikling, undervisning, andrespråkslæring og bruk av språk relatert til fleirspråklege og kulturelt mangfaldige utdanningskontekstar, frå barnehage til høgare utdanning og arbeidslivet, er særleg velkomne. Samandraget skal vere på maksimum 300 ord (eventuelle referansar inkludert). Det bør innehalde presentasjon av forskingstemaet, forskingsspørsmål, metode, teoretisk/analytisk tilnærmingsmåte og funn. For posterpresentasjonar vert det ikkje forventa presentasjon av funn.
Frist for innsending: torsdag 1. desember 2022
NOA-skulen
Vi planlegg å følgje opp NORAN-skuletradisjonen, men med forslag om å endre namnet på denne seminaraktiviteten. Denne vert arrangert som ei forlenging av sjølve konferansen, truleg laurdag 27. mai. Vi kjem tilbake til tema og referansar.